Slutten av året nærmar seg, men kva betre å gjere i vintermørkret enn kursing? Dei komande månadane tilbyr NITO ei rekke kurs:
Trekonstruksjonsdagene – 15.-16. november, Oslo
I samarbeid med Forum For Trekonstruksjoner, Tekna og Norsk Treteknisk Institutt inviterer NITO til to dagar med erfaringsutveksling og læring om trekonstruksjonar. Møt arkitektar og konstruktørar frå heile verda, og få med deg det siste nye innan trearbeid.
Gjennomføring av entrepriseprosjekter – 21.-22. november, Oslo
I samarbeid med NITO vil advokatfirmaet Grette gå gjennom spørsmåla du måtte ha om gjennomføring av entrepriser. Frå anskaffelsar og rådgjevarkontrakter til NS 8405 og 8407 vil dette kurset gjere deg tryggare på kva val som er verd å ta i ein entrepriseprosess.
Plan- og bygningsloven TEK17 – 28. november – 19. desember, webinar
TEK17-forskrifta er minstekrava alle i Noreg byggjer etter, og under denne webinarrekka vil du innførast i kva som er nytt frå tidlegare, og kva plikter og krav du som konstruktør vil møte i TEK17. Temaa for dei ulike webinara er:
28. november – Generelt om TEK17
5. desember – Brannsikring
12. desember – Universell utforming
19. desember – Energi og fuktsikring
Kravene til opparbeidelse av offentlig infrastruktur – 18. desember, webinar
Først når ein eigendom har tilknytning til vei, vann og avløp kan den ansjåast som byggeklar etter Plan- og bygningslova. Under dette kurset vil Anders Evjenth og Kjersti Cecilie Jensen frå Bull & Co advokatfirma gå gjennom §18-1 av lova, og gi deg oversikt over både kor langt opparbeidelsesplikta går, og korleis refusjonsregelverket kan nyttast.
Mange av kursa er rabatterte for RIF sine medlem, so pass på å gi beskjed når du melder deg på!