Dei offentlege byggherrane samarbeider tett for å nå målet om skadefrie byggje- og anleggsplassar i Noreg. Nå har Charter for ei skadefri byggje- og anleggsnæring delt ut SHA-prisen 2015. Vinnaren er Veidekke.
Veidekke vann prisen for beste arbeid med sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) med prosjektet Marienfryd på Ensjø i Oslo. – Veidekke går føre som eit godt døme på eit involverande, lærande og innovativt SHA-arbeid i alle fasar av byggjeprosjektet, både gjennom planlegging, prosjektering og gjennomføring, grunngjev juryen.
Tryggleik i alle fasar
Forsvarsbygg, Statsbygg, Statens vegvesen og Jernbaneverket har dagleg det overordna ansvaret for sikkerheita til tusenvis av arbeidstakarar. Prisutdelinga er del av ei felles satsing på skadefrie byggje- og anleggsplassar. – Heile byggje- og anleggsbransjen må tenkje sikkerheit, helse og arbeidsmiljø i alle prosjekt, heilt frå prosjekterande til entreprenør og arbeidstakarar. Prosjektet Marienfryd er eit døme på korleis det kan gjerast, seier juryen.
Skadefri arbeidsplass
Nesten kvar månad skjer det ei dødsulukke på byggje- og anleggsplassar i Noreg. I løpet av eitt år blir 100 personar påført varige mén. Desse tala vil dei offentlege byggherrane til livs. – Målet vårt er at alle skal kome uskadde heim, seier dei offentlege byggherrane med administrerande direktør Frode Sjursen frå Forsvarsbygg, Harald Nikolaisen i Statsbygg, jernbanedirektør Elisabeth Enger og vegdirektør Lars Aksnes i spissen.
Grunngjevinga frå juryen
- Tidleg og gjennomgåande involvering ved å inkludere arbeidstakarar og underentreprenørar i tidleg fase.
- Nytenking ved å involvere utanforståande aktørar, som Norges Astma- og allergiforbund.
- God og systematisk rapportering.
- Gode planar som viser at prosjektet har fokusert på krav frå lovgjevar når det gjeld sikkerheita til arbeidarane.
- Systematisk læring frå avvik med læringsoverføring til neste prosjekt og/eller fase.
Solide ressursar og kompetanse til planlegging før byggjestart og undervegs i prosjektet. - Metode og materialval synest å ha moment som skal ivareta sikkerheita til arbeidarane.
Juryen har bestått av representantar frå Arbeidstilsynet, offentlege byggherrar, bransjeorganisasjonar og arbeidstakarsida.
Kort fakta om Marienfryd:
- 1 blokk på 6 etasjar: Barnehage i plan 1 og 50 leilegheiter i resterande plan. Bygget er det 5. trinnet av i alt 6 trinn på Marienfryd. Totalt ca 3800 BTA. Totalentreprise.
- Byggherre: Veidekke Bolig AS. Representant for byggherren: Veidekke Eiendom AS. Prosjektering og bygging: Veidekke Entreprenør AS
For meir informasjon om prisutdelinga, kontakt juryen ved: Lene Jønsson, Leiar HMS og Entreprenørskolen. Telefon: +47 930 96 184 og e-post: lj@eba.no
På bildet ser du prosjektleiarane Herman Engesgaar og Widar Bråten i Veidekke Eiendom, med Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg mellom seg.
For informasjon om Veidekke sitt prosjekt Marienfryd, sjå Veidekke si heimeside.